Første blå-grå tak montert på Høvringen

Feltstasjonen på Høvringen er bygd med tre felt for ulike forsøk med blå-grøne og blå-grå tak. Taket er stilt til disposisjon av Trondheim kommune og bygget er ein del av Høvringen avløpsrenseanlegg som behandlar avløpsvatn frå 2/3 av Trondheim (sentrum og sør- og vestlege bydelar).

Vi har utstyrt anlegget med eigen meteorologisk målestasjon og eit avansert opplegg for måling av mengda vatn som passerer sluka frå kvar av dei tre forsøksfelta. Vi kan måle heile spennet frå drypp til ekstremnedbør. Mål og meining med prosjektet er tidlegare omtalt i Byggeindustrien nr 8 2016.

Den første løysninga vi prøver ut på Høvringen er utvikla i samarbeid med Saint-Gobain Weber Leca og Skjæveland gruppen. Målet med taket er å gi god fordrøyningskapasitet samtidig som det kan fungere som eit attraktivt uteområde. Foto frå monteringa er vist under.